Produkt

For å kjøpa produkt med dikta mine på, må du bestilla dei her.

HANDLENETT


Eg sel enkle handlenett i naturfarga bomull med påskrifta "Det kan faktisk gå bra" i mi handskrift. Bærenetta er 38 cm breie og 40 cm "høge", pluss lange reimer som legg ca 30 cm til høgda. Dei er laga av 100% bomull i øko-tex standard 100 (om det seier deg noko), og er produserte i Nederland. Netta kostar 99 kroner pr. stk. 


HANDSKRIVNE PLAKATAR

Eg tar òg imot bestillingar på plakatar i ulike storleikar, der eg skriv på valfritt dikt, for hand. Desse signerer eg med "berrekristin", og lagar dei i storleikane a5 (199 kr), a4 (399 kr) og a3 (599 kr) . Dikt som kan vera fine som plakatar til vegg eller som innramma bilete på ein kommode, er til dømes desse under, som er henta frå dei tre bøkene mine. Eg gjer merksam på at alle plakatar vert unike, då eg skriv dei for hand når bestillinga kjem.