Bøkene mine

Sidan hausten 2019 har eg gjeve ut fire bøker på eige forlag, som berrekristin. Bøkene inneheld korte, enkle tekstar, mange fyrst publiserte på instagramkontoen min, @berrekristin. Der har eg publisert dikt sidan 2017. Under her vil eg presentera dei ulike bøkene. Bøkene er for sal her.

Alle bøkene inneheld mellom 60 og 70 ulike dikt kvar, skrivne med mi handskrift. Tekstane er korte, enkle og nære, og famnar om gode og vonde kjensler og erfaringar ein kan oppleva gjennom dagane, året og livet. Bøkene er i same kvadratiske format: 15*15 cm, og utsida er dekka med softfolie som gjer at dei er ekstra gode å halda i.

Eg ynskjer å gje håp og trøyst og lys og varme gjennom orda mine. Setja ord på både kvardag og kriser. Skriva om det vanskelege, slik at lesaren får tårene ut, og kjensla av å bli forstått. Og setja ord på håpet om at det vert betre, at gleda ventar igjen rundt neste sving! Bøkene har vore populære som gåve til vener og familie i alle aldrar.

Fleire skriv at orda treffer dei rett i hjartet, og hjelper dei til å forstå seg sjølv og andre betre. Det sterkaste eg høyrer er når nokon seiser at dei kjenner seg mindre åleine etter å ha lese tekstane mine. Under skal eg presentera dei fire bøkene.

LAT MEG HALDA SORGA DI 

Den nyaste boka mi blei lansert 25. februar 2024. Etter ei kvit, svart og grå bok byrja eg endeleg på fargane! Den fyrste fargeboka er lilla, og går djupare inn i temaet sorg og håp, med både nye og tidlegare publiserte dikt. Dette kan vera ei gåvebok til nokon som er i sorg, men det kan òg vere ei bok for kven som helst. Sorg er ei kjensle dei fleste vil kjenna på i løpet av livet, og med dikta mine håpar eg å ordsetja både sorga og håpet for alle som treng det.  

DET ER MYKJE MEIR PÅ INNSIDA

Ei lita, enkel bok med kvardagspoesi, fyrst gjeve ut hausten 2019. Ramma i denne fyrste boka mi er livet, frå barndom til alderdom. Boka inneheld erfaringar, tankar og kjensler ein kan oppleva undervegs i dette forvirrande, men samstundes vakre livet. Eg har fått tilbakemelding frå menneske i alle aldrar som seier at dikta i boka treff dei, midt i hjartet og i livet slik det er.

DET KAN FAKTISK GÅ BRA

Ei lita bok med nære og kjenslevare tekstar, fyrst gjeve ut i 2020. Ramma i denne andre boka mi er døgeret, frå morgon til natt. Gjenkjennbare situasjonar og tankar for fleire, slike ein kan møta gjennom ulike stadier - både i løpet av dagen og livet. Eg har fått tilbakemelding frå menneske som har gått gjennom mørke og tunge periodar, om at dei har hatt god nytte og hjelp av denne boka. 

I TILFELLE DU TRENG DET

Ei lita bok med korte og varme tekstar, gjeve ut i 2021. Ramma i denne tredje boka mi er året, frå ein vår til neste vår. Me svingar innom både dei lyse og dei mørke dagane, og dei grå dagane i mellom. I velkjend stil og format for dei som fylgjer meg via sosiale media. Om denne boka har eg fått høyra at lesarar likar ho godt, både enkeltdikta og det at ho er så gjennomført når det gjeld rekkefylgja og korleis dikta står i ein samanheng.

FORHANDLARAR

Bøkene mine kan du òg kjøpa hjå utvalde forhandlarar:

Petersens handleri på Dale

150 yards på Voss

Hakallegarden i Vanylven

Livslyst i Sogndal

Øye Landhandel ved Slogen i Nordfjord

Her er utdrag frå tilbakemeldingar eg har fått frå lesarar:

"I dag kom boka i postkassa vår.... og for ei bok, både utanpå og inni! Dei små orda, handskrevne svart på kvitt, dei slo mot meg! Noko så enkelt, så ekta, så ærleg, så innfløkt, så nært, så...... inderleg godt skreve! Du gjev av deg sjølv, hjelper andre, set ord på det andre ikkje maktar! Og humoren ligg der bak og lurer.... Tusen, tusen takk, gler meg til å lesa om att og om att, få hjelp og støtte på tankane mine. "

"Boka kom i dag! Og for en overraskelse! Boka er jo bare heeeeelt fantastisk! Jeg er virkelig glad for at jeg oppdaget deg Og du kan være sikker på at jeg skal gjøre masse «reklame» for deg! Nå skal jeg kose meg med boka di, gjennom hele jula! Og etter jula også....! Til jeg kan hele boka utenat....! Ønsker meg nr2 til neste jul!"