Hendingar

Her ser du komande hendingar eg deltek på.

UNDER REGNBOGEN

På eitt eller anna tidspunkt, inviterer me til ein ny Under regnbogen-konsert. ❤️

Hege Eide Vik syng varme songar og Kristin Straume Audestad les dikt som famnar både latter og tårer. Lars Sveinung Lid spelar piano og Thomas Nøkling spelar saxofon/bass/trommer. Ein god time der me håpar å gje dykk eit pusterom, eit kvileskjær, eit lyspunkt.


Eigenproduserte billettar med dikt vert selde i døra, 100 kr for vaksne, gratis for born/ungdom under 18 år. Betaling med Vipps eller kort.