Om meg

Eg heiter Kristin Straume og bur på Dale, mellom Bergen og Voss. Eg har alltid likt å skriva, og tidlegare har eg delt dikt og tankar fleire stadar, blant anna her. Sidan 2017 har eg under brukarnamnet @berrekristin delt dikt på Instagram, skrivne for hand på linjeark. Ved å gjera det slik, trur eg tekstane vert ekstra nære og personlege, sjølv om eg vil påpeika at ikkje alle handlar om meg. Ja, eg skriv for å få ut og bearbeida kjensler og tankar (det er alt for mange av dei), men eg skriv òg for å hjelpa andre å setja ord på deira greier. 


Det kan nok her høyrast ut som at eg skriv mest dystert og mørkt (jadå, har vorte borti både angst og depresjon, så er litt slikt), men eg skriv like gjerne lette, muntre dikt, og sjølv i dei mørkaste dikta prøver eg å snika inn ei lita lysstrime av håp. Noko av det som er viktigast for meg er å seia ting slik det er, verken meir eller mindre. Det er så mange filter ein kan leggja på livet no for å lata som at ein har det betre enn ein har det, fordi alle andre gjer det same. Og det er jo ganske teit. Så nokon må stikka fingeren i jorda og vera realistisk om livet. 


Livet går ikkje på skinner, for livet er ikkje eit tog. Men det kan vera ganske fint likevel,  når berre ein innser nett det!  


Her er eit intervju med meg frå 2020, gjort av dyktige Irene Mjelde hjå Etablerersenteret. Sidan dess har eg flytta til Dale, og endra forfattarnamnet mitt til Kristin Straume.