Nattblogg

07.01.2020

Eg trur dette blir ein nattblogg, om det blir blogg i det heile. Fordi det er om natta eg har mest lyst til å skriva, og har mest å skriva om, sidan det er då tankane gjer salto og formeirar seg. Hadde nok vore betre om eg hadde lyst til å sova, men men. Eg er i grunn enormt viljesvak, eller kanskje heller lyststerk er ordet? Når eg har veldig lyst til noko, er det vanskeleg å lata vera å gjera det, sjølv om eg veit det er ganske ufornuftig. Trur forresten dette vert ein blogg som ingen les. Eg kjem ikkje til å flagga at den finst i alle fall. Om nokon finn denne nettsida, og gidd å sjekka ut alle fanene, kan det jo vera at dei slumpar innom. Men så ser dei masse tekst og slumpar fort ut att. Og det er heilt greitt. For om eg ikkje trur at nokon les, skriv eg sikkert friare, meir personleg. Det er jo alltid fint. 

Kva har eg på hjartet i natt då? Eg tenkjer at eg er litt flau av meg sjølv for tida, av all promotering og sånt. Tenkjer at folk er lei av meg, av orda mine, av fjeset mitt (fjeset ja, sjølv om eg ikkje flashar det så veldig ofte på insta og face og sånn, er det sikkert nokon som er lei av det òg).  Og så har eg dårleg samvit for alle eg ikkje har kontakt med sånn i fysisk forstand. Eg har fleire venninner eg burde vore meir med, invitert på te, gått tur med, osv. Venninner og familie som eg trur faktisk hadde hatt lyst til det, som ikkje er lei av meg.  

Det tar litt mykje tid dette skjermgreiene. Men det er jo så gøy! Å jobba med heimeside, planlegga konsert, osv. Eg, som plar ha lite energi desse månadane, er gira og jobbar til langt på natt. Det er så deilig å ha eit prosjekt om gjev meg energi! Eg er forresten momsregistrert no, det var endå ein bøyg eg hadde kvidd meg til. Så glad for gode hjelparar med meir matematiske og rekneskapsmessige kunnskapar enn meg! Sjølv om eg eigentleg ikkje er så dum sånn matematisk, så har det aldri interessert meg, og dermed er det ikkje er evne eg har utvikla så veldig. 

Okei. Nok for i kveld. Ingen vits i å skriva lenger på ein tekst som ingen kjem til å lesa likevel. Og om nokon les den, er det jo lite å henta ut av den. Berre tankeblaff hit og dit og opp og ned, lite struktur og mål og meining i dette. Men deilig å ha ein stad der eg kan få ut slike tekstar òg. For dei må jo ut, må dei ikkje? Å skriva og setja ord på ting hjelper meg å tenkja og bearbeida. Det er kjedeleg å skriva berre for å skriva, eg føler liksom at det bør vera ein lesar inni biletet òg for å gje teksten verdi. Ein mogleg lesar, i alle fall. Og her er det jo moglegheiter, det skal jo vera det, sjølv om dei er små. Så då seier eg god natt og takk for merksemda! Eller ikkje.