"Det er mykje meir på innsida"

6. desember 2019 lanserte eg diktboka mi "Det er mykje meir på innsida", gjeve ut på eige forlag. Boka innheld 60 korte dikt som famnar ulike kjensler og erfaringar mange møter gjennom livet, i eit enkelt språk, skrivne med mi handskrift. Det fyrste opplaget på 800 bøker er utseld, og nytt opplag på 800 er òg utseld frå lageret mitt, men boka er framleis tilgjengeleg hjå ein del forhandlarar.


Tilbakemeldingane frå lesarane har vore mange og gode, frå kvinner og menn i alle aldrar. Fleire skriv at orda treffer dei rett i hjartet, og hjelper dei til å forstå seg sjølv og andre betre. Det er sterkt å høyra, og noko av det viktigaste for meg når eg skriv. Å setja ord på noko av det me menneske har inni oss, men gjerne ikkje snakkar om, og å gjera at folk kjenner seg mindre åleine. 


Forhandlarar av boka:

Petersens Handleri på Dale i Vaksdal

Coop Stanghelle i Vaksdal

Heim bokhandel i Bergen

Joker på Stamnes

Hos Mormor på Lonevåg (Osterøy)

Moods of design i Bekkjarvik

Lykkelig Handel i Vikevåg

Kaffikjellaren i Barstadvik

Frk. Fryd i Skjold i Rogaland

Lille Nøste i Tennfjord

Hjerterom Kaffe & Te i Vennesla

Kvist og Kvast på Stord

Luster bok i Gaupne

byBrun i Sandnes

Knutholmenbutikken i Kalvåg

Øye Landhandel i Nordangdal (ved Slogen)

Livslyst i Sogndal


Veldig takknemleg for alle som har heia og backa meg før, undervegs og etter at boka kom ut! Eg vil takka særskilt Kristin Øye Ree-Pedersen for korrekturlesing, Marte Næss i Filiokus media for gode råd og Kristin Lemme i FLOR for ein god pep-talk undervegs. Boka er trykt hjå UnitedPress i Latvia.


Her er utdrag frå tilbakemeldingar eg har fått frå lesarar: 

"I dag kom boka i postkassa vår.... og for ei bok, både utanpå og inni! Dei små orda, handskrevne svart på kvitt, dei slo mot meg! Noko så enkelt, så ekta, så ærleg, så innfløkt, så nært, så...... inderleg godt skreve! Du gjev av deg sjølv, hjelper andre, set ord på det andre ikkje maktar! Og humoren ligg der bak og lurer.... Tusen, tusen takk, gler meg til å lesa om att og om att, få hjelp og støtte på tankane mine. "


"Boka kom i dag! Og for en overraskelse! Boka er jo bare heeeeelt fantastisk! Jeg er virkelig glad for at jeg oppdaget deg Og du kan være sikker på at jeg skal gjøre masse «reklame» for deg! Nå skal jeg kose meg med boka di, gjennom hele jula! Og etter jula også....! Til jeg kan hele boka utenat....! Ønsker meg nr2 til neste jul!"